• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.09.2022
  • Stillingstype
    Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4729250
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar i 24-30% helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Me har no ledig fire helgestillingar i ca 24-30% tilsetjing ved Bjørkhaugen Bufellesskap og Kvernhusmyrane Bufellesskap. Ei stilling er knytt til Kvernhusmyrane bufellesskap med langvakter kvar fjerde helg og dei resterande tre er knytt til Bjørkhaugen bufellesskap med arbeid kvar tredje helg. Det er arbeid ca 7t fredag og 12,5 timer lørdag og søndag. 

Om Habiliteringstenester i Alver kommune

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om Bjørkhaugen Bufellesskap og Kvernhusmyrane Bufellesskap 

Bjørkhaugen Bufellesskap og Kvernhusmyrane Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er bustaden til 6+6 personar med ulik grad av funksjonshemming. Bustadane er døgnbemanna. Målet er å skape tryggleik, gje tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gi personane gode opplevingar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar enkelt skal kunne meistre eigen kvardag.
  • Utføre naudsynte omsorgsoppgåver
  • Legemiddelhåndtering
  • Oppfølging av vedtak etter kap. 9
  • Praktiske gjøremål i bolig
  • Bidra til eit godt omdømme gjennom god service ovenfor tjenestemottaker 
  • Dokumentasjon gjennom profil

Kompetansekrav

  • Helsefagarbeidar eller studentar innan helsefaglege og pedagogiske studieretningar 
  • Andre med relevant erfaring oppmodast og til å søkje
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er eit føremon
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

  • Du har engasjement for faget og brukargruppa
  • Du har empati og evne til å sjå den einskilde brukar
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert og fleksibel
  • Du har gode datakunnskaper

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltredelse.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

Bli kjent med Alver kommune

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.09.2022
  • Stillingstype
    Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4729250
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.09.2022