Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6734447Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Helsefagarbeidar / hjelpepleiar - Gjestetunet- natteneste
Offentlig forvaltning
Ønskjer du å yte tenester med fokus på fagleg kvalitet i trygge rammer for både tilsette og tenestemottakarar?
Me har ledig inntil 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved avdeling Gjestetunet – nattenesta.
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du vil ha gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.
Arbeidsoppgåver:
Du vil bidra til å sikre at våre tenestemottakarar får den beste omsorgen gjennom natta med å:
- gje heilskapeleg omsorg og pleie
- observere og i samarbeid med sjukepleiar lage gode pleie- og tiltaksplanar
- medikamenthandtering etter gjeldande prosedyre
- vere trygg og støttande helsepersonell
- rykke ut ved alarmar
- kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- dokumentasjon og journalføring dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner
Me tilbyr
- positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- natturnus med 9 t arbeidstid
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- tilrettelagde og nye lokale
- fadderordning
- rabattert pris på treningssenter
- lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg
- pensjonsordning i KLP
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du vår heimeside.
Me ønskjer å jobbe med deg som
- har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
- søkjarar under relevant utdanning, eller med relevant arbeidserfaring kan bli vurdert
- har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering
- førarkort kl B
- er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
- er pliktoppfyllande, påliteleg, lojal og grundig
- trivst med utfordringar og er løysingsorientert
- har gode norskkunnskapar (B2) og datakunnskapar
- du må vere fylt 18 år
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Politiattest og søknad
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6734447Se her for andre jobber fra Ål Kommune