• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088924
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar/ hjelpepleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

 Vi har ledig ei 100% fast stilling som helsefagarbeider/hjelpepleiar  frå juni 2023 i Hannesvegen bustader. Stillingane har arbeid i ordinær turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Om Habiliteringstenester i Alver kommune

 Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under Habiliteringstenester finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

 Om Hannesvegen bustader:

Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdeling som består av fleire bustadgrupper. Stillingane er knytt til Tømmerdalen, som er heimen til 6 personar med nedsett funksjonsevne. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av eit sterkt engasjement for bebuarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både bebuarar og kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og hjelpe bebuarar med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen.

  • Planlegge og tilretteleggja for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov.
  • Sikre gode og trygge tenester.
  • Dokumentasjon av tenesteytinga i Profil.
  • Pårørandesamarbeid og samarbeid med andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Gje råd og rettleiing til vikarar og evt. lærlingar.
  • Gjennomføre vedtak etter kap.9.

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjent helsefagarbeider/hjelpepleiar.
  • Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne.
  • Førarkort klasse B.
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne.

 Kven er du?

  • Du har gode datakunnskaper.
  • Du har god fysisk og psykisk helse.
  • Du har engasjement for faget og brukargruppa.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø.
  • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det.
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner.

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, men medarbeidere som tar deg godt imot.
  • Gode pensjonsordningar.
  • Løn etter tariffavtale

Politiattest

 I tråd med helse - og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088924
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023