• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4778757
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar - helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste, eining 1 yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:
  • 13- 21 % faste stillingar på helg som helsefagarbeidar. Stillingane er ledig frå snarast.  Dersom ein ikkje får nok kvalifiserte søkarar på stillingane kan ufaglærte få tilbod om mellombels tilsetting.
Vi søker etter deg som:
  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å jobbe i team, like godt som sjølvstendig
  • er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort kl. B
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
  • god opplæring
  • langvakter
  • god pensjons- og forsikringsordning

Politiattest må leverast inn før start i stilling. Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4778757
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 22.09.2022