Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5819029Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 16.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Helsefagarbeidar heimetenesta Værlandet og Bulandet, todelt turnus og arbeid kvar 4. helg - 40% fast stilling - Utvida søknadsfrist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Helsefagarbeidarane deltar i det tverrfaglege samarbeidet for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter teneste i heile Askvoll kommune, og har no utvida tenestene på Atløy, Bulandet og Værlandet.
Arbeidsoppgåvar
- Utøve direkte stell, pleie og tilsyn pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til tryggleik og gje omsorg
- Dokumentasjon og administrative oppgåver
- Medverke til å oppretthalde og utvikle høg fagleg kvalitet på tenestene
- Delta i utvikling og forbetringsarbeid
- Medverke til god informasjonsflyt
- Medverke til godt samarbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar/ omsorgsarbeidar. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan andre med relevant erfaring søke og bli mellombels tilsett
- Medisinkurs eller være villig til å ta dette
- God norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Politiattest vert krevd ved tilsetting
- Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr
- Kr 10 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for helsefagarbeidarar/ omsorgsarbeidarar/ hjelpepleiarar
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5819029Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 16.08.2024