• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657943
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar fast, 61% natt – dement avdeling - Fjell sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:  
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume. 

Sjukeheimen har 46 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 38 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar. 

Dementavdelinga er nyleg rehabilitert, og har velferdsteknologi knytt til alle rom. 

Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar,  lege og musikkterapeut , som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø. 

Vi treng no ein  dyktig og kunnskapsrik helsefagarbeidar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette helsefagarbeidaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.  

Pasientane på dementavdelinga har langtidsplass. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som helsefagarbeidar  får bruke din kompetanse! Vi ønskjer helsefagarbeidar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak. 

Vi har eit godt fagmiljø og  jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen.  

Nattevakta på Demensavdelinga er aleine med 8 pasientar. På somatisk avdeling er det 3 nattevakter – og alle 4 nattevaktene hjelper kvarandre ved behov.  

Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga. 

Kvalifikasjonar:   
  • Må ha: Autorisert Helsefagarbeidar 
  • Ønskjeleg med:  Erfaring frå sjukeheim  
Kven er du? 
  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag 

  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre 

  • Strukturert, nøye og effektiv 

  • Engasjert 

  • En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet 

  • Evner å jobbe sjølvstendig 

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer 

 Arbeidsoppgåver: 
 
  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper 

  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter 

  • Administrasjon – tiltaksplanar, prosedyrar, rapportering m.m. 

 Vi tilbyr: 
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • IA bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

 

Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig. 

11% av stillinga er knytt til timebank 

 

Kontakt: Einigsleiar: Eivind Flem Tlf: 55 09 74 13  /  406 11 384 

Avd.leiar:    Maria G Furenes  55 09 74 03 / 480 39 223 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657943
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.03.2024