• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5157052
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 90 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi ønskjer å styrke bemanninga og har difor ledig 90 % stilling som helsefagarbeidar knytt til eit team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule, i heimen og på avlastning. Det kan kome vakter i ordinær heimeteneste i avdelinga dersom det ikkje er behov i teamet. Nokre i teamet har delar av stillinga si i ordinær heimeteneste i tillegg til team, medan andre har heile stillinga si i teamet.

Om Knarvik Nord/Aust heimeteneste

Teamet er organisert i Knarvik heimeteneste avdeling Nord/Aust. Avdelinga er lokalisert i Knarvik i Geco-bygget. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelp og assistentar som til saman gjev gode tenester til sine brukarar. Avdelinga har fokus på fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og arbeidar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. m heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

I team skal ein utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. 

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B

Andre yrkesgrupper kan verte vurdert dersom relevant utdanning og erfaring.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • har gode kommunikasjonsevner
  • ser løysingar framfor problem
  • likar å arbeide tverrfagleg
  • kan arbeide sjølvstendig, men samtidig fungere i teamarbeid
  • er trygg i utøving av sitt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega
  • har erfaring frå team

Ved tilsetjing ved personleg eignaheit bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Årsturnus
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5157052
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2023