• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3525386
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 80% vikar Somatisk avdeling - Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre tilsette skal i svangerskapspermisjon.

Om avdelinga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsvågskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Arbeidsoppgåver:

  • Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Dagleg avdelingsarbeid
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid 
  • Rettleie, lærlingar og elevar
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering
  • Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Relevant erfaring og interesse for arbeid innan eldreomsorg rehabilitering
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i Sjukeheim

Personlege eigenskapar:

  • Ønsker å jobbe med eldre, sjuke menneske
  • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du er løysningfokusert, engasjert, kompetent, fleksibel og  positiv
  • Ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Du er engasjert, ansvarsbevisst og interessert i forbetringsarbeid.
  • Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
  • Du er open for nye utfordringar

Anna:

Vikariatet gjeld frå 01.05.2021- 15.08.2022. Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag/kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan anna stillingsstorleik bli aktuell og same søkjarmasse nyttast til vurdering.  

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3525386
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.02.2021