• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4604248
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Helsefagarbeidar - 80 -100 % fast stilling pt heimetenesta

Offentlig forvaltning

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg?
Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod.
Er du serviceinnstilt og trivs med ein travel kvardag?

Då vil vi ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

 Vi har ledig 2 faste stillingar som helsefagarbeidar.  Vi kan tilby mellom 80 - 100 % fast stilling.  Ynskt stillingsstorleik blir avtalt ved tilsetting. 

 Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper 
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid  
  • utvikle og implementere alternative tenester som VIPS - praksismodell, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologiske løysningar
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant tilleggsutdanning. 
Du har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering.
Du beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg med solid fagkunnskap, som tek initiativ og føler stort ansvar for arbeidsoppgåvene. 
Arbeidet er variert med spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
Yter du det vesle ekstra, er fleksibel og samarbeidsvillig? Då er du den vi er ute etter!

Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Politiattest
 I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr
  •  todelt turnus (eigen nattevaktsturnus)
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP
Send søknad

 Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

 Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

 Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 Om oss 

Heimetenesta har base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader 
og korttids- og langtidsavdeling.
Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.
Det er eit godt samarbeid i sektoren, og med frivillige og Frivilligsentralen.Heimtenesta har ca 36 årsverk.
Heimetenesta si brukargrupper er samansett, men dei fleste av våre brukarar er eldre. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.
Du kan rekne med varierte og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og legetenesta om den einskilde brukaren.
Kommunen har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter.
Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Kan du tenkje deg å jobbe i helse- og omsorgsektoren i Ål? 

 

   

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4604248
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 06.05.2022