• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766536
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 27.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 75% fast stilling, heimetenesta sone Straume

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsefagarbeidar 2 x 75%  fast stilling,heimetenesta sone Straume

 

Er du den nye helsefagarbeidaren vår?

Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

 

I samband med nye budsjettmidlar i 2023, vert  det no lyst ut etter 2 nye faste stillingar 75% for helsefagarbeidar.

 

Arbeidsoppgåver:

Du må trivast saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane.

  • Helsefaglege oppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Samhandling med pårørande
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev Helsefagarbeider
  • Gode norsk kunnskap munnleg og skriftleg
  • Førarkort

Ønskjeleg med:

  • Erfaring fra arbeid med eldre

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er en god teamarbeider
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Anna

  • Årsturnus med 16 arbeidshelger i året. Ønsker en å arbeide fleire helger blir dette kompensert med kr 3000 for kvar helg

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766536
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 27.09.2022