Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4910985Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.12.2022
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsefagarbeidar, 75% fast stilling- Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver og omsorgsoppgåver i brukars heim. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut 75% fast stilling for helsefagarbeidar i heimetenesta sone nord. 20% av stillingane er knytt til timebank. Sone nord har sonekontor på Rong. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent verta ledig i same tidsrom.
Stillinga er ledig frå 01.03.2023
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
- Primærarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Fagbrev som helsefagarbeidar
Andre krav:
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegle folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4910985Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.12.2022
-
Sjukepleiar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune
Rong -
Sjukepleiar 50% fast natt, Heimetenesta sone sør
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 100% fast, Heimetenesta sone Straume
Øygarden kommune
STRAUME -
Faste helgestillingar 15-20%, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar/helgestilling 20% fast - Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes