• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6482848
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 70% fast i langvaktturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du helsefagarbeidar og ønsker nye utfordringar?  Då har vi eit godt tilbod til deg på Fjell sjukeheim.

Om avdelinga: 

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du får brukt din kompetanse. Vi ønskjer deg som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og gjennomføring av tiltak.

Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar.

For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre helsefagarbeidarar vil være eit viktig ledd i dette arbeidet.

Vi jobber kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobber strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har organisert sjukepleiarane i sjukepleiarteam frå februar 2026. Dette gjer at også helsefagarbeidarane får eit større ansvar

 

Arbeidsoppgåver:
  • Stell og pleie av sjuke eldre
  • Miljøarbeid
  • Legemiddelhandtering
  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter
  • Administrasjon – tiltaksplanar, rapportering m.m.
 Kvalifikasjonar: 

Må ha:

Autorisert helsefagarbeidar

Ønskjeleg med:  

Erfaring frå sjukeheim

 

Personlege eigenskaper:
  • Verdsetter gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer

 

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

 

Anna:
  • Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
  • Gratis parkering i parkeringshus
  • Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig.
  • Moglegheit for langvakter i turnus 13,5 timer

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6482848
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune