Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6247092Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 70% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du helsefagarbeidar eller assistent med påbegynt teori innan helsefagarbeidarfaget og ønsker nye utfordringar? Då har vi eit godt tilbod til deg på Fjell sjukeheim.
Om avdelinga:Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du får brukt din kompetanse. Vi ønskjer deg som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og gjennomføring av tiltak.
Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre helsefagarbeidarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.
Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobber strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har organisert sjukepleiarane i sjukepleiarteam. Dette gjer at også helsefagarbeidarane får eit større ansvar
Kven er du?- Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
- Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
- Strukturert, nøye og effektiv
- Engasjert
- En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
- Evner å jobbe sjølvstendig
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
- Stell og pleie av sjuke eldre
- Miljøarbeid
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
- Administrasjon – tiltaksplanar, rapportering m.m.
Autorisert helsefagarbeidar eller assistent med påbegynt teori innan helsefag
Assistent med påbegynt teori for Hesefagarbeider – som trenger timer før ein går opp til fagprøve – kan og søkje, men må då ha erfaring frå sjukeheim.
Ønskjeleg med:Erfaring frå sjukeheim
Anna:- Mogleghet for langvakter i turnus 13,5 timer
- Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Gratis parkering i parkeringshus
Einigsleiar: Eivind Flem tlf: 40 61 13 84
Mail: eivind.flem@oygarden.kommune.no
Avd.leiar Somatisk 1 : Anita L Kausland Tlf 481 98 372
Mail: eivind.flem@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
20.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6247092Se her for andre jobber fra Øygarden kommune