Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
12.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5334976Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 70-80% fast, Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Vi har 2 ledige helsefagarbeidarstillinger på demensavdelinga
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens.. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansatte diagnoser.
Som helsfagarbeider hos oss får du jobba i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase
Arbeidsoppgåver:
- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Rettleie, lærlingar og elevar
- Delegert ansvar for medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Gyldig politiattest, ikkje edre enn 3 månader
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
Ønskjeleg med:
- Relevant erfaring innan eldreomsorg
Eigenskapar vi ser etter:
- Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tek ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert og engasjert,
- Du er fleksibel og positiv.
- Har ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg eignahet blir vektlagt
Anna:
Stillingene inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
Vi tilbyr:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Faglege utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Gratis parkering
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avd.leiar: Ann- Magritt Gamlemshaug 56160400 / 97501368 ann-magritt.gamlemshaug@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
12.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5334976Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 30.08.2023