Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.

Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.

Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte, dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.

Vi har ledig: 
  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar

Stillinga er ledig frå 01.09.2025, eller etter avtale. 

Vi ser etter ein fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement, og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit fagmiljø basert på eit fagleg og målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.

Vi yt døgnkontinuerlege tenester og har turnus med ordinære vakter med arbeid 3 kvar helg og turnus med langvakter og arbeid 4 kvar helg.  

Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • praktisk bistand og oppfølging av den enkelte tenestemottakar
  • fokus på aktivitetar, ernæring og god livskvalitet i kvardagen
  • praktiske oppgåver og førefallande arbeid
  • samarbeid med pårørande og andre instansar
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling
  • legemiddelhandtering
  • journalføring
Krav til søkar: 
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • gode IKT-kunnskapar
  • førarkort klasse B
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
  • godkjent politiattest må leverast før start i stilling
Vi søker deg som:
  • er fleksibel
  • evner å skape gode relasjonar. Har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode.
  • er engasjert og løysingsorientert
  • syner fagleg tryggleik og kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • har erfaring med menneske med psykisk utviklingshemming
Vi tilbyr: 
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • god opplæring
  • spanande og faglege utfordringar
  • gode pensjons – og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.