Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5191143Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 13.05.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Helsefagarbeidar - 60 % fast natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 60 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt knytt til Ostertun omsorgsbustad.
Om Ostereidet heimeteneste
Ostereidet heimeteneste består av ei inne-gruppe og ei ute-gruppe. Ute-gruppa gjev tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan inne-grunna gjev tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustader på Ostertun. Ostertun består av 28 leilegheiter.
Som nattevakt har ein ansvar for bebuarane som bur på Ostertun. Ein er til vanleg to nattevakter på jobb på Ostertunet.
Arbeidsoppgåver
Nattevakter på Ostertunet har varierande arbeidsoppgåver. Til døme er det oppgåver som tilsyn, oppfølging av alarmar, frukosttillaging, noko stell og medisinutlevering. Bebuarane får hjelp utifrå vedtak. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Som helsefagarbeidar kan ein få medisindelegering etter avtale.
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar både skritfleg og munnleg
Ønskt kompetanse
- Erfaring med arbeid på natt
- Erfaring med arbeid på sjukeheim/heimeteneste
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- trivst med å arbeide sjølvstendig
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- er løysingsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5191143Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 13.05.2023