Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5830172Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 20.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Helsefagarbeidar 60% fast i turnus - Utvida søknadsfrist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står ovanfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Kårstova er ei eining med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens.
Stillinga kan utvidast til 100%, der den resterande stillingsprosenten inngår i vikarpool. Ver venleg å opplyse i søknaden om dette er av interesse, evt. kva stillingsprosent du ønskjer i tillegg.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
- Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/ erfaring tilsettast i midlertidig stilling
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Lokalt tillegg på kr 10 000 for helsefagarbeidarar og omsorgsarbeidarar med fagbrev.
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Arbeid 35,5 t/veke, helg og natt
- Auka stillingsprosent gjennom tilsetting i vikarpool
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
15.09.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5830172Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 20.08.2024