Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste, eining 1 yt døgnkontinuerlige tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring, fysisk aktivitet og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:
  • 2 x 100% fast stilling som helsefagarbeidar (det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar). Stillingane er ledig frå snarast.
Vi søker etter deg som:
  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  • har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus
  • har gode kommunkasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å jobbe i team like godt som sjølvstendig
  • er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort kl. B
Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
  • god opplæring
  • gode turnusar
  • langvakter (dersom ynskjeleg)
  • god pensjons- og forsikringsordning

Politiattest må leverast inn før start i stilling. Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!