• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5550128
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?

Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus på å skape ein trygg og god dag for våre bebuarar og god pårørandestøtte?

Me har behov for fleire helsefagarbeidarar på avdeling Stugu. Ål kommune ønskjer å tilsette i opptil 100 % faste og midlertidige stillingar. Annan stillingsstorleik kan avtalast ved tilsetting. Me ønskjer oss kollegaer med gode omsorgsevner, som er endringsorienterte og som trivst med å jobbe mot felles mål.

Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du vil ha gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid  avdelinga sine tilsette, trivselskoordinator, fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen, som for øvrig er tilsett på fulltid. 

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.

Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Arbeidsoppgåver kan vere

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • observere og i samarbeid med sjukepleiar lage gode pleie- og tiltaksplanar
  • medikamenthandtering etter gjeldande prosedyre
  • skape den gode dagen gjennom meistring og aktivitet
  • tett og godt samarbeid med bebuarar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • rettleie studentar, elevar og medarbeidarar
  • dokumentasjon og journalføring dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Ål kommune nyttar Gerica som journalsystem

 Me ønskjer å jobbe med deg som

  • har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering
  • førarkort kl B ( gjeld for stillingar i heimeteneste, miljøterapitenesta og dagsenter)
  • trivs med helse- og omsorgsarbeid samt tilrettelegging for meistring og gode opplevingar
  • er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar
  • du må vere flyt 18 år

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • ulike arbeidstidsordingar 
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • tilrettelagde og nye lokale
  • hjelp til å skaffe bustad
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter
  • lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg 
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du vår heimeside.

Politiattest og søknad

  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
  • bitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5550128
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.02.2024