Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5338942Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 01.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du interesse for demens og trivast med å jobba med eldre?
I langtidsavdeling for personar med demens søkjer me deg som brenn for demensomsorg og er god på kommunikasjon.
80 % fast stilling frå 02.10.2023, deler av stillinga har årsarbeidstid
60 % vikariat frå snarast - 31.05.2024
Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg
- Toloheimen langtidsavdeling for personar med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund og har 16 langtidplassar delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasientar på kvar avdeling (gruppe 3 Firkløveren/Vest).
- Me har ei stabil personalgruppe med god kompetanse og legg vekt på å ha ein roleg atmosfære for bebuarane.
- Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss
Arbeidsoppgåver
Pleie, omsorg, miljøarbeid og praktisk hjelp til pasientane ved avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid på demensavdeling og interesse for arbeid med personar med demens er ynskjeleg
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og vera god på å samarbeida med andre
- Du må ha evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Ha interesse for arbeid med demensomsorg
- Serviceinnstilt og engasjert
- Samarbeider på tvers av fagfelt
- Fleksibel og ser løysingar
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5338942Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 01.09.2023