• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5679852
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 52% fast natt, Straume bu og servicesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du helsefagarbeidar og vil jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande og varierte oppgåver?

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar. Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader.

Det er no ledig 52% fast stilling på natt, knytt opp mot våre 3 bufellesskap med heildøgns omsorg. Stillingane kan aukast med timebank.

Arbeidsoppgåver:

Du må trivst saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver etter dei behova.

  • Omsorg og pleie av brukarar ved senteret
  • Delta i aktivitetar med brukarane. 
  • Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
  • Kjenna til og etterleva gjeldande rutine i vårt kvalitetssystem
  • Rettleia elevar, studentar og lærlingar
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gyldig politiattest
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå heimeteneste, eldreomsorg eller bufellesskap
Personlege eigenskapar:
  • Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
  • Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team.
  • Du har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er løysingsorientert 
  • Du engasjerer deg, og er positiv i møte med både brukarar og pårørande
  • Du liker nye utfordringar
  • Egna personlegdom vert vektlagd.
Vi tilbyr: Kontakt:

Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5679852
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune