• Företag
    Austevoll kommune
  • Ansökningstiden
    01.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5169495
  • Se här för andra jobb från Austevoll kommune
  • Uppdaterad 03.05.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Austevoll kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

 

 Arbeidsstad

Austevoll kommune har ledig 90 % vikariat som helsefagarbeidarstilling i turnus med arbeid kvar 3. helg ved Austevoll po-senter.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og oppfølging av bebuarane ved sjukeheimen vil vera hovudoppgåva.

Personlege kvalifikasjonar

  • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent helsefagarbeidar.
  • Gyldig politiattest

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

 

 

  • Företag
    Austevoll kommune
  • Ansökningstiden
    01.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5169495
  • Se här för andra jobb från Austevoll kommune
  • Uppdaterad 03.05.2023