Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
19.02.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4915746Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 05.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum. Kommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private. Kommunen er elles behjelpeleg med å skaffe bustad for leige.
Gulen kommune har ledig 100% vikariat som helsefagarbeidar i tida 01.04.23 - 07.01.24. Stillinga kan verte forlenga. I utgangspunktet har stillinga langvakt på helg kvar 4. veke, med påfølgande fredagsfri.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også søkje.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, stabil og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om tilfredsstillande eigenerklæring MRSA/tbc før oppstart i stillingar i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
19.02.2023Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4915746Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 05.01.2023