Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4885817Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 22.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
Sone BBD organiserer heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Vi har også bu- og omsorgssenter på kvar av desse stadane. Vi utfører vedtaksbaserte tenester til brukarane på omsorgssentra og i eigen heim. I tillegg til sone BBD har vi også heimestenester i Eivindvik, som er organisert som ei eiga eining saman med Gulen sjukeheim.
Gulen kommune har ledige stillingar som helsefagarbeidar i Gulen kommune, for tida ved sone BBD. Stillingane er reine helgestillingar; i utgangspunktet med arbeid 3. kvar helg. Dei ledige stillingane varierer frå 12% -17%, der turnus for tida er knytt til enten Brekke, Byrknes eller Dalsøyra.
Vi ber om at søkjarane skriv kva område dei føretrekk at oppgåvene er knytt til (Brekke, Byrknes eller Dalsøyra)
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med erfaring og/eller interesse for arbeid med menneske kan også verte vurderte.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, stabil og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4885817Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 22.11.2022