• Bedrift
    Kvam Herad i Brønnøysund
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4781602
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
  • Oppdatert 23.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Vil du bli med på laget vårt?

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer fagarbeidarar til Øysteseheimen langtidsavdeling og har ledig fast stilling for helsefagarbeidar frå snarast. Stillinga er i 100 % stillingsstorleik og er for tida knytt til turnusarbeid kvar tredje helg. Deler av stillinga er knytt til årsarbeidstid.

Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i sentrum av Øystese. Det er 28 langtidplassar i avdelinga. Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner. Me søkjer spesielt deg som har interesse for fagfeltet demens.

 

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarane på avdelinga
  • Demensomsorg
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling er det ein fordel
  • Interesse for fagfeltet demens og trivst med arbeid med eldre
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må kunne arbeida sjølstendig og i grupper

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Møter andre på ein respektfull og open måte 
  • Roleg, trygg og lojal
  • Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.


 

  • Bedrift
    Kvam Herad i Brønnøysund
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4781602
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
  • Oppdatert 23.09.2022