• Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    08.08.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4695909
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 09.07.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Austevoll kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta har 3 ledige stillingar som helsefagarbeidar: 100 % - 76 % - 62 %

Helgevaktstilligar med varierande stillingsprosent og moglegheit for å velge om ein ynskjer arbeid med langvakter, ordinære vaktlengder, kvar andre eller tredje helg. Desse stillingane passer fint å kombinere med studier.

Arbeidsstad
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den einskilde sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar

Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å:

  • videreutvikle tenester
  • medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør

Anna/personlege eigenskapar:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre.
  • Førarkort for personbil

Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

Kvalifikasjoner:
Helsefagarbeidar
Andre med relevant helsefagleg utdanning, under vernepleier-/sjukepleierutdanning eller med relevant erfaring kan bli vurdert 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Company
    Austevoll kommune
  • Application deadline
    08.08.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4695909
  • Look here for other jobs from Austevoll kommune
  • Updated 09.07.2022