• Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    31.12.2022
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4644565
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 30.08.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gulen kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune har ledig 100% vikarstillling som helsefagarbeidar frå snarast til 19.06.2023. Arbeidstid er i hovudsak på natt. 
Turnus inneheld for tida arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene.

Gulen kommune har nattevakt i heimetenestene, der basen for tida er bu- og omsorgstenestene i Brekke og Byrknes. Det er to 100%-stillingar på kvar stad. Nattevaktene skal yte tenester til heimebuande brukarar i desse områda, inkl. Dalsøyra-området, etter vedtak. Den ledige stillinga er knytt til basen på Brekke. 

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt.

  • Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også søkje
  • Krav om førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Trivst med å jobbe på natt
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    31.12.2022
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4644565
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 30.08.2022