• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2022
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Helsefagarbeidar
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4619591
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du ha ein spennande jobb med barn og unge?

 

Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste har flytta i nytt og større bygg. Vi har fått ansvar for å følgje opp fleire barn og unge, og treng no fleire tilsette.

På avlastinga er det barn og unge med ulike hjelpebehov. Arbeidsoppgåvene varierer med den enkelte sitt funksjonsnivå, og behov for bistand. Vi hjelper til med medisinske prosedyrer, utfordringar knytt til åtferd, lekser, aktivitetar, rettleiing og elles det som følger med i ein heim. For ungdomane hjelper vi til med rettleiing og butrening i høve det å verte sjølvstendige.

Vi gir tenester heile døgnet, for å støtte og avlaste foreldre som har krevjande omsorgsoppgåver.

Vi samarbeider tett med skule og barnehage, og  har oppfølging av fleire barn på dagtid.

Oppgåvene vert hovudsakleg utført på avlastinga, men og i heimen til nokre barn på natt. Turnusen er tredelt med arbeid minimum 3. kvar helg. Dersom du ønsker langvakter laurdag og søndag (inntil 12,5 t) 4. kvar helg er dette mogleg. 

Vi har ledige stillingar:
  • 2 x 80 % fast stilling som autorisert helsefagarbeidar
  • Faste stillingar på helg i inntil 14 % stilling 3. kvar helg eller 20 % stilling 2. kvar helg.  

For helgestillingane er det ønskeleg at søkar er autorisert helsefagarbeidar, men andre kan også søke.

Arbeidsoppgåver:
  • yte god omsorg for barn/unge og pårørande
  • oppfølging av barn og unge med fokus på aktivisering, kvile og daglege gjeremål
  • bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkel barn/ungdom
  • praktiske oppgåver og førefallande arbeid
  • delar av stillinga er som nattevakt i heim
  • oppgåver knytt til primærkontakt
  • tett samarbeid med foreldre, barnehagar, skular og spesialisthelsetenesta
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • førarkort kl. B
  • meistre godt norsk munnleg og skriftleg
  • personleg eigenskapar vert vektlagt
  • evne til samspel med barn, familie, kollegaer og andre vi samarbeider med
  • vere ein trygg og tydeleg vaksen person som set grenser på ein omsorgsfull måte
  • politiattest må leverast før start i stilling
Personlege eigenskapar, vi ynskjer ein person som:
  • vil bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg
  • trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
  • syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • behandlar brukarar og pårørande  profesjonelt og empatisk
  • er løysingsorientert og sjølvstendig
  • er i stand til å ta i mot rettleiing i frå leiar og ansvarshavande
  • er god på tverrfaglig samarbeid – her må ein gje og ta
  • likar å ha det kjekt på jobb
Vi tilbyr:
  • god opplæring
  • høgt fagleg nivå med varierande utfordringar, med rettleiing frå spesialisthelsetenesta ved behov
  • ein travel arbeisplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb.
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-avtale

Under føresetnad av godkjenning vil stillingane starte opp 15. august 2022 eller etter nærare avtale.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2022
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Helsefagarbeidar
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4619591
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune