• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607618
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 06.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde heimeteneste, eining 2, har base på Førde omsorgssenter, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 45 årsverk. Heimetenesta har fokus på implemetentering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!    Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette.  Er det deg?

Vi har ledig: 

  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med turnus og arbeid kvar 3. helg.

 Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
  • gyldig politiattest må leverast før start i stilling
 Vi ønsker at du:
  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert er fleksibel
  • er trygg på å jobbe sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid

 Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

 Kva tilbyr vi?
  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar

Tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4607618
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 06.05.2022