• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4250118
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 02.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du helsefagarbeidar og har lyst på ein lærerik og spennande jobb?

Vi søker deg som trivst å arbeide med menneske, som både likar sjølvstendig arbeid og samstundes trivst med å jobbe tett saman med andre.

Førde heimeteneste, eining 1, held til på Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 70 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter. Eininga har om lag 34 årsverk. Vi arbeider tett saman som kollegaer i omsorgsbustadene, men også mykje sjølvstendig. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % vikariat som helsefagarbeidar frå 5.2.22 t.o.m. 31.12.2022

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med omsorg, stell, pleie, praktisk bistand og oppfølging av menneske med ulike behov. Dei bur heime i omsorgsbustad.

Arbeidsoppgåvene er m.a.:
  • utføre praktiske helsefagarbeidaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelstenesta
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet Cosdoc

Stilling er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi søker deg som:
  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • berherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
Vi ønsker at du:
  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert
  • er fleksibel

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Dersom det ikkje melder seg søkarar som er autoriserte helsefagarbeidarar, kan andre med kunnskap og interesse for arbeid med omsorg, stell, pleie og praktisk bistand til menneske med ulike hjelpebehov vere aktuelle. Dei vil då få tilbod om mellombels tilsetting. Sjukepleie- og vernepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn. Sjukepleiestudentar blir prioriterte.

Kva kan vi tilby?
  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
  • sjølvstendig arbeid
  • nærleik til medarbeidarane dine
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • eventuell relevant tilleggsutdanning kan gje kompetansetillegg
  • samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT)

Politiattest må leverast før start i stilling. Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsefagarbeidar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4250118
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 02.12.2021