Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Stillingsfunksjon
HelsefagarbeidarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4090899Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skjerma eining ved Førde Omsorgssenter er ei eininga med 28 plassar fordelt på 2 avdelingar.
Avdeling 1 har 16 plassar til personar med demenssjukdom. Kognitiv svikt er bebuaren si største utfordring.
Avdeling 2 har ei open avdeling der det bur 12 bebuarar. Denne avdelinga har større pleietyngd.
Begge avdelingane har fokus på miljøarbeid, personsentrert omsorg og at bebuar skal oppleve livskvalitet i trygge rammer.
Skjerma eining er for deg som har interesse for aldersdemens og eldreomsorg. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Vårt fokus er at bebuaren skal få god oppfølging og kjenne seg trygg.
Vi har følgande stilling ledig:- 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ledig frå snarast.
Stillinga er organisert i turnus med arbeid dag/kveld/natt/helg.
Eininga har mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.
Vi søker deg som:- har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- er engasjert, jobbar sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
- fungerar godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er nytenkjande og kreativ og bidra til tenesteutvikling
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Arbeidsoppgåver:- utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar
- samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
- bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
- veileder og undervisningsansvar
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og omsorgsektor
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse, pleie og omsorg
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- det må leverast politiattest før tiltreding.
- må beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
- IKT-kunnskap
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Stillingsfunksjon
HelsefagarbeidarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4090899Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.09.2021