• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4955692
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 3x80-100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 3 faste stillingar som helsefagarbeidar i 80-100 %, med arbeid i team og i ordinær heimeteneste. Teamet er knytta opp mot brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta, og som har eit fast team rundt seg. Stillingane er i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3. helg. 

Andre med helsefagleg bakgrunn og/eller erfaring frå heimeteneste/teamarbeid vil kunne bli vurdert til stillinga dersom det ikkje kjem autoriserte helsefagarbeidarar. 

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst, i eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Delar av stillinga er i team, der ein skal utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B

Andre med helsefagleg bakgrunn og/eller erfaring frå heimeteneste/teamarbeid kan og søkje, og vil kunne bli vurdert til stillinga dersom det ikkje kjem autoriserte helsefagarbeidarar. 

Personlege eigenskapar
Vi forventar at du:

  • er inspirerande og engasjert
  • trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er fleksibel
  • ser løysingar framfor problem
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har erfaring frå team

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og eignaheit. Ein må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som ein kan jobbe sjølvstendig. Ein må vere løysingsorientert og trygg i utøving av sitt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4955692
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.03.2023