• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Sted:
    Balestrand
  • Stillingstype:
    Natt
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Balestrand
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3650105
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Helsefagarbeidar

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

80% fast stilling som helsefagarbeidar med turnus natt, arbeidsstad for tida Balestrand helsetun/heimeteneste. Ledig snarast.

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og i heimen

· Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam

· Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer

· Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar

· Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleiar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon

· Andre med erfaring som ynskjer å ta fagbrev innan helsefag kan verte vurdert til stillinga

· Erfaring eller vidareutdanning innan geriatri, velferdsteknologi eller demens vil bli vektlagt

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Datakunnskap

· Førarkort

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss

uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Sted:
    Balestrand
  • Stillingstype:
    Natt
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Balestrand
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3650105
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune