Company
Gulen kommuneApplication deadline
30.06.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3414817Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 15.06.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Helsefagarbeidar (nattevakt)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
3.g.utl.
Gulen kommune har nattevakt i heimetenestene, der basen for tida er bu- og omsorgstenestene i Brekke og Byrknes. Det er to 100%-stillingar på kvar stad. Nattevaktene skal yte tenester til heimebuande brukarar i desse områda, inkl. Dalsøyra-området, etter vedtak.
Gulen kommune har ledig 100% vikarstilling som helsefagarbeidar frå august -21/etter avtale til august 2022.
Turnus er for tida knytt til nattevakter i sone Brekke og har arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene. Det kan verte endring til dag/kveldsvakter sommaren 2022. Det kan også vere aktuelt med oppstart før august -21 dersom ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver
Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt
- Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også søkje
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Trivst med å jobbe på natt
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk.
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Company
Gulen kommuneApplication deadline
30.06.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3414817Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 15.06.2021