Company
Gulen kommuneApplication deadline
25.01.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3367354Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 11.01.2021
Vacancy
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har ledig faste stillingar som helsefagarbeidar frå 01.02.2021/ etter avtale. Stillingane har arbeid i turnus, for tida helg, og kan derfor ikkje kombinerast.
Vi har fylgjande stillingar ledige:
- 13% stilling, for tida arbeid 3. kvar helg.
- 18% stilling, for tida langvakter 4. kvar helg.
Sidan vi har fleire ledige helgestillingar, vil vi handsame søknadar som kjem inn fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også verte vurdert.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Company
Gulen kommuneApplication deadline
25.01.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3367354Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 11.01.2021