• Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    06.10.2020
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3175520
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 23.09.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gulen kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune har nattevakt i heimetenestene, der basen for tida er bu- og omsorgstenestene i Brekke og Byrknes. Det er to 100%-stillingar på kvar stad. Nattevaktene skal yte tenester til heimebuande brukarar i desse områda, inkl. Dalsøyra-området, etter vedtak. 


Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå 08.12.2020. 
Turnus er for tida knytt til sone Brekke og har arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene. Dette er i utgangspunktet ei nattevaktsstilling, men det kan i periodar vere aktuelt med arbeid andre tider også.

 

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt

  • Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre kan også søkje
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Trivst med å jobbe på natt
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk.
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

 

 

  • Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    06.10.2020
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3175520
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 23.09.2020