• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4681373
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 04.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 25% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsefagarbeidar 25% fast stilling – Straume bu og servicesenter - Servicedelen


Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjør sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, spesial pedagogar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no ein ledig fast stilling som helsefagarbeidar på servicedelen i 25% stilling.

Arbeidsoppgåver: 
• Du må trives saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukara.
• Ivareta brukars individuelle behov
• Dokumentering i fagjournal
• Legge til rette for meiningsfylt aktivitet
• Miljøarbeid
• Helsefaglege oppgåver som stell og pleie
• Medikamenthåndtering
• Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid


Kvalifikasjonar:
Må ha:
• Fagbrev som helsefagarbeidar
• Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
• Medisinkompetanse
Ønskjeleg med:
• Ønskjeleg med erfaring frå heimeteneste


Eigenskapar:
• Du er engasjert og positiv
• Du har gode samarbeidsevner
• Er ein god teamarbeider
• Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
• Du er open for nye utfordringar
• Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
• Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

Anna:
Stillinga kan aukas med timebank

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA bedrift
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:
Avdelingsleiar Heidi Reisegg Endal 919 11 187
Einingsleiar Trude Myklebust 482 22 316

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4681373
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 04.08.2022