Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5448704Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 100% vikariat – Straume bu- og servicesenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Er du helsefagarbeidar og vil jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver? Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar. Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt.
Det er no ledig 100% vikariat i eit av våre bufellesskap for eldre.
Arbeidsoppgåver:- Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane
- Primærkontaktoppgåver
- Ivareta brukars individuelle behov
- Omsorg og pleie av brukarar ved senteret
- Delta i aktivitetar med brukarane. Kvar dag heile livet
- Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Kjenna til og etterleva gjeldande rutine i vårt kvalitetssystem
- Rettleia elevar og lærlingar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig politiattest
- Erfaring frå heimetenesta eller arbeid innan eldreomsorg
- Fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
- Er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Løysingsorientert
- Engasjerer deg og er positiv i møte med både brukarar og pårørande
- Likar nye utfordringar
- Gratis parkering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljøarbe
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Høve til å søke startlån for helsepersonell https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/bustad-og-sosiale-tenester/okonomisk-stonad-til-bustad/startlan/startlan-for-a-rekruttere-og-behalde-helsepersonell/
Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5448704Se her for andre jobber fra Øygarden kommune