Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6647372Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 100% vikariat - Ågotnes skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag 15 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Ågotnes skule er ein nynorskskule, men har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette.
Visjonen vår er «Ein god stad å vere, ein god stad å lære.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.
Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie-SFO.
Arbeidsoppgåver:- Miljøarbeid i skulekvardagen, individuelt og i gruppe
- Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg vil vere ein del av arbeidet
- Bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i samarbeid med pedagogar og andre fagpersonar.
- Oppfølging av elevar med særskilte behov, inkludert struktur, sosial trening og praktiske oppgåver
- Aktiv deltaking i SFO og ferie-SFO, med ansvar for aktivitetar, omsorg og dagleg oppfølging
- Samarbeid med føresette og eksterne instanser ved behov
- Bidra til gode rutinar, dokumentasjon og heilskapleg elevoppfølging
- Fagbrev som helsefagarbeidar. Om ikkje kvalifiserte søkjarar kan ein med anna relevant utdanning og erfaring t.d. fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, bli vurdert.
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging
- God forståing for arbeid med tilrettelegging og særskilte behov
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring med ulike diagnosar som autisme og psykisk utviklingshemming
- Førarkort klasse B
- Livredningskompetanse i basseng. Opplæring ved behov
- God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen
- Relasjonskompetanse og evne til å skape tryggleik
- Tydeleg, varm og strukturert i møte med elevar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Løysingsorientert, fleksibel og trygg i ein variert kvardag
- God evne til å skape ro, oversikt og forutsigbarhet
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Vikariatet gjeld frå 01.08.2026 til 31.07.2027
- Stillinga gjeld og ferie-SFO
- Søknadsfrist 19.06.2026
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6647372Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
1-2 ledige stillingar, inntil 50% vikariat i SFO/ferie-SFO
Øygarden kommune
STRAUME -
Fagarbeidar 2 *50% fast stilling i SFO
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
RONG -
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar/ miljørettleiar?
Øygarden kommune
STRAUME