Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613733Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 10.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vestnes kommune
Helsefagarbeidar - 100 % stilling, vikariat - Heimetenestene
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Det er ledig vikariat i 100 % stilling for helsefagarbeidar ved Heimetenestene i Vestnes. Vikariatet er ledig frå snarast, og i omlag 1 år. Stillinga har arbeid kvar 3.helg, med hinkehelg kvar 12. veke. Det kan bli endringer i turnusen til langvakter kvar 4.helg.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Referanser
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613733Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 10.05.2022