• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591947
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 30.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling, avdeling 3

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

På bakgrunn av auke i sjukeheimsplassar søkjer vi no etter fleire helsefagarbeidere. Vi har derfor ledig 5 faste stillingar som helsefagarbeidar i 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Knarvik sjukeheim, avdeling 3

Avdeling 3 ved Knarvik sjukeheim er ein kortidsavdeling som har pasienter med samansette utfordringar og forskjellige aldersgrupper. Avdelinga er plassert på Knarvik sjukeheim, men vi har og ei gruppe på helsehuset i Knarvik. Totalt er det 19 pasienter på dei to lokasjonane. Hos oss får vi inn pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. På avdeling 3 arbeider vi derfor tverrfagleg, i samarbeid med fysio - og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Avdeling 3 har eit aktivt miljø, og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit stabilt personale som har vore på avdelinga lenge, og eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøgde. Arbeidsplass vil kunne være både på helsehuset og på Knarvik sjukeheim.

Arbeidsoppgåver

  • Du gjev omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutine
  • Rådgjeving av elevar, lærlingar og kollegaer.
  • Samarbeid med pårørande, og med kollegaer på tvers av tenestane i kommunen
  • Være bevisst di rolle som helsefagarbeidar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
  • Jobbe aktivt for at pasientane får nytta eigne ressursar i ADL

Kompetansekrav

Offentleg godkjent helsefagarbeidar med medikamentdelegering
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Førarkort klasse b
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kven er du?

  • Du møter utfordringar på jobb med eit aktivt medarbeidarskap og er bevisst på ditt bidrag til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har eit genuint engasjement for eldreomsorga
  • Du er ein sjølvstendig medarbeidar, som er handlekraftig og fagleg trygg i tenesteutøvinga
  • Du trivs med å arbeide med pasientar som har komplekse helseutfordringar, og du er fagleg nysgjerrig
  • Du ønsker å lære noko nytt kvar dag
  • Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene dine og har evner til å sjå heilskap og prioritere arbeidsoppgåver
  • Du ser den enkelte pasient, pårørande og kollega
  • Evner å være tydeleg i samarbeid med andre og i tenesteutøvinga

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591947
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 30.04.2022