• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    16.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6357852
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
Vacancy

Aukra kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tenester for heimebuande i Aukra søkjer helsefagarbeidar i100 % fast stilling 

Heimesjukepleie er organisert under Tenester for heimebuande, og har base i Aukra Omsorgssenter. I Aukra Omsorgssenter finn ein følgande tenester;

  • Heimesjukepleie
  • Langtidsplassar
  • Korttids-, avlastning- og rehabiliteringsplassar
  • 20 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
  • Legevakt
  • Dagsenter
  • Fotpleie og frisør

Dei ulike einingane i helse og omsorg har eit tett samarbeid,, og ein forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingane. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel på dette.

Einingane har fokus på personorientert omsorg, førebygging og eigenmeistring. Bebuarane skal vere ein aktiv part så langt råd er, og sjølv få definere kva som er viktig for seg i kvardagen.

Arbeidstid/turnus

Aukra kommune har som mål å ha ein arbeidsgjevarpolitikk som legg til rette for heiltidskultur. Målet er å ha god kompetanse tilgjengeleg til ei kvar tid. Stillinga er plassert i turnus med 35,5 t veke.

Krav til søkjarar

Fleksibel og dyktig helsefagarbeidar som vil vere med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar

Helsefagarbeidar som bidreg til utvikling, slik at tenestene våre samsvarar med samfunnsutviklinga elles

Helsefagarbeidar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga. Velferdsteknologi er ei innarbeid del av tenestetilbodet og skal utviklast vidare

Helsefagarbeidar som vektlegg brukarmedverknad, god kommunikasjon og samhandling 

Helsefagarbeidar som har brukar- og oppgåvefokus

God datakunnskap er ein føresetnad for god dokumentasjon i arbeidet som  helsefagarbeidar og du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personleg eigna for stillinga

Godkjend politiattest

Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø som du er med på å skape

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunale tilsettingsvilkår

Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning i samsvar med Kompetanseplana

Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    16.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6357852
  • Look here for other jobs from Aukra kommune