• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5214496
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 31.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledige 100 % stillingar som helsefagarbeidar, med arbeid i team og ordinær heimeteneste. Teamet er knytt opp mot brukar som har heildøgnteneste frå heimetenesta, og som har eit fast team rundt seg.

Stillingane inneber jobb i snitt kvar 3. helg i todelt turnus. 

Om Knarvik Nord/Aust heimeteneste

"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vere stolt av"

Som medarbeidar hos oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vere med og utvikle tenestene til beste for brukarane. Eining ahar avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik Sør Vest, Knarvik Nord Aust, Lindås, Alversund/Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til avdeling for Dagsenter. Avdelingane samarbeidar tett.

Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst, med eit stort geografisk område og eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. m heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Delar av stillinga er i team, der ein skal utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. 

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er fleksibel
  • ser løysingar framfor problem
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har erfaring frå team

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og eignaheit. Du må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig. Du må vere løysingsorientert og trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Årsturnus
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    13.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5214496
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 31.05.2023