• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208485
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 2x100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig to 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar. Avdelinga har årsturnus og ein jobbar i todelt turnus med om lag 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året. 

Vi gjer merksam på lang søknadsfrist grunna ferieavvikling.

Om Frekhaug heimeteneste

Avdeling Frekhaug har kontor både på Vikebø og på Frekhaug. Avdelinga har om lag 60 tilsette og vi gjev tenester til personar som bur på Holsnøy og Flatøy. 

Arbeidsoppgåver

Heimentenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidarar består mellom anna i oppfølging av hygiene, ernæring og legemiddel hos brukar for å sikre best mogleg livskvalitet, samarbeide med pårørande, primærkontaktarbeid osb. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å forløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. I tillegg vil reinhald vere ei av arbeidsoppgåvene i stillinga som helsefagarbeidar. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid på sjukeheim eller i heimeteneste

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er inspirerande og engasjert. Du kan prioritere i ein travel kvardag, men samstundes skape arbeidsglede når kvardagen vert hektisk. Som assistent er du løysingsorientert, påliteleg og fleksibel. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. I tillegg er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du evner å arbeide sjølvstendig, samt i team.

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Engajserte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208485
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.06.2023