• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947373
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.03.2023. Avdelinga har årsturnus og ein jobbar i todelt turnus med om lag 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året. 

Om Knarvik Sør Vest heimeteneste

Som medarbeidar hos oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setje preg på, og vere med på å utvikle tenestene til det beste for brukarane.

Avdeling Knarvik Sør Vest har kontor i Knarvik. I avdelinga jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim sentralt i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen organisert under Knarvik Sør Vest. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik, på Frekhaug og på Manger. 

Arbeidsoppgåver

Heimentenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidarar består mellom anna i oppfølging av hygiene, ernæring og legemiddel hos brukar for å sikre best mogleg livskvalitet, samarbeide med pårørande, primærkontaktarbeid osb. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å forløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. 

Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. 

Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sertifikat klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:

Effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo.
Sjølvstendig. Du trivast med å ha ansvar og finn lett løysingar.
Fagleg sterk. Du behalder roen i uforutsatte/akutte situasjonar og klarer å prioritere.
Glad i menneske. Du vert motivert av å jobbe med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for brukar.
Positiv. Du er ein humørspredar - blant kollegaer og brukarane.
Framtidsretta.Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løysingar.

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Engajserte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4947373
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.02.2023