• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4680338
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg. 

Du skal jobbe tett opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta. Saman med det faste teamet arbeidar du for å gje brukaren ein best mogleg kvardag med dei føresetnader hen har. I tillegg skal du ha vakter i ordinær heimeteneste der du gjev teneste til brukarar som bur i eigen heim. 

Om Knarvik Nord Aust

Heimetenesta avdeling Knarvik Nord Aust har base i Geco-bygget i Knarvik. Vi har brei fagleg samansetjing der sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar arbeidar saman for å løyse stadig aukande og spanande oppgåver. Avdelinga er i vekst med eit stort geografisk område der vi får eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Vi arbeidar tett med dei 6 andre heimetenestene i Alver for å utvikle tenestene til det beste for brukarane. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar mellom anna om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

Som helsefagarbeidar i team skal du utføre forsvarleg helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. Du arbeidar tett med ein brukar som har behov for døgnkontinuerleg teneste, og skal leggje til rette for at brukaren får ein best mogleg kvardag med sine føresetnader. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du

  • er inspirerande og engasjert
  • trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er fleksibel
  • ser løysingar framfor problem
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har erfaring frå team

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og eignaheit. Du må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som at du kan arbeide sjølvstendig. Du må vere køysningsorientert og trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4680338
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune