• Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Lederstilling
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4713484
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune
Ledig stilling

Kvam kommune

Helse- og omsorgssjef

Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon

Kvam herad søkjer ein tydelig leiar med gjennomføringskraft og gode samarbeidseigenskapar, som tek ansvar for å realisera kommunen sine planer og visjonar for vidareutvikling av tenestetilbodet i helse- og omsorgseininga. 

Helse- og omsorgssjefen leiar den største eininga i kommunen og omfattar pleie- og omsorgstenesta, kommunehelse (legetenesta, avdeling for rus og psykisk helse, ergo-og fysioterapitenesta), NAV,  tenestekontor og avdeling for alkohol og servering. Alt i alt om lag 430 tilsette. 

Eininga er godt i gang med å skapa tenester for framtida, og har ei rekkje satsingar for å nå måla. Blant satsingane er styrking av kompetanse og meir satsing på tenester til heimebuande, den statlege kvalitetsreforma "Leve hele livet", helsehjelp, samanheng og overgangar i tenestene. Det er eit tett og godt tverrfagleg arbeid i helse- og omsorgseininga, og med dei andre einingane i kommunen. Som medlem i rådmannen si leiargruppa, får du ei viktig rolle i strategisk utviklinga av kommunen. 

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikla eininga til å skapa tenester for framtida
  • førebu og følgja opp politiske vedtak
  • involvera og samarbeida tverrfagleg med andre samarbeidspartar internt i kommunen og eksternt
  • overordna økonomi, fag og personalansvar for eininga
  • følgja opp målsetjingar i budsjett, økonomiplan og fagplanar
  • rekruttering og kompetanseutvikling
  • HMS og internkontroll
  • beredskapsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Min. 3 årig relevant universitets-/høgskuleutdanning 
  • Vidareutdanning innan leiing, t.d. nasjonal helselederutdanning
  • Vidare vert det lagt vekt på leiarerfaring og/eller relevant erfaring fortrinnsvis frå kommunal verksemd eller frå helse- og sosialsektoren
  • Kan visa til gode resultat frå tidlegare leiarstillingar
  • Ha kunnskap om og god forståing når det gjeld økonomistyring

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein engasjert leiar som er utviklingsorientert og vil vera med og forma tenestetilbodet for framtida

Du er målretta, fleksibel og handlekraftig 
Du lyttar, involverer og inspirerer dine tilsette 
Du er oppteken av å byggja kultur for samarbeid og å gjera kvarandre gode 
Du er oppteken av kontinuerleg forbetring 
Du har evne til å prioritera mellom oppgåver, arbeider strukturert og systematisk 
Du viser høg etisk standard 

Vi tilbyr

  • Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i endring
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla kvarandre og Kvam herad
  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Generell informasjon 
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  


 

  • Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Lederstilling
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4713484
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune