Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6500168Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Kommuneoverlege
Helse og omsorgOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kommuneoverlegen har ei sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette. Legetenesta er ein av dei viktige basisfunksjonane i helse og omsorgstilbodet.
VIl du vera del av eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid fagleg kompetanse og stort engasjement? Då vil me gjerne ha søknaden din!
Arbeidsoppgåver:
Stillinga utgjer 60% stilling og kommunen kan vurderer om det er anna offentleg allmennmedisinsk legearbeid som kan kombinerast med kommuneoverlegeoppgåvene, Me ber om at søkjar opplyser i søknaden om ein slik kombinasjon er av interesse.
Kommuneoverlegen:
- skal koordinera, tilrettelegga og leia det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen
- er medisinskfagleg rådgjevar i kommunen sitt folkehelsearbeid og i den kommunale helse og omsorgstenesta
- har ansvar for planarbeid, helsefagleg rådgjeving med vekt på folkehelse, helseberedskap, smittevern, helseovervaking og miljøretta helsevern.
- har ein tverrsektoriell funksjon
- har hastekompetanse på kommunen sine vegne i saker innan miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap
- har vedtaksmyndigheit som er heimla direkte i lover, blant anna smittevernloven og i psyksik helsevernloven
- har andre oppgåver som er forankra i ulike lover og forskrifter
Kvalifikasjonar:
- Medisinsk embetseksamen
- Norsk autorisasjon
- Spesialitet i samfunnsmedisin eller ønskje om å inngå avtale med kommunen for å gjennomgå spesialistutdanningsprogrammet. Dersom søkjar har starta slik spesialitet vil kommunen leggja til rette for at spesialiseringsløpet kan fullførast
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som har stort engasjement for samfunnsmedisin og som:
- Kommuniserer på ein god måte - munnleg og skriftleg
- Er løysingsorientert og strategisk
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Skapar tillit og viser høg etisk standard.
- Er endringsvillig og ønskjer kontinuerleg forbetring i arbeidet
Me tilbyr:
- Fleksibel arbeidstidsordning - høve til heimekontor
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6500168Se her for andre jobber fra Kvam Herad