Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
15.03.2021Position function
TraineeForm of employment
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Industry
Media, informasjon og PREducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligOther workplaces
SunnfjordNumber of positions
1Career-kode
3388713Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
- Updated 09.03.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Framtidsfylket AS
Helse Førde søkjer trainee innan formidling av forsking og innovasjon
Media, informasjon og PR
Er du interessert i forsking og innovasjon? Glad i kunnskapsformidling? God på nettsider og sosiale medier? Vi treng deg på laget for å formidle dei gode historiane og bygge innovasjonskultur.
Vi tilbyrtrainee-stilling som kommunikasjonsmedarbeidar. Stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2021/22. Kontorstad er Førde.
Kven er vi:
Helse Førde er eit framoverlent helseføretak i Helse Vest. Vi er den største arbeidsplassen i vår region, og er no i gang med ei milliardutbygging av Førde sentralsjukehus. Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass i eit miljø som jobbar tett saman med Høgskulen på Vestlandet gjennom eit felles samarbeid: Helseforsking Sogn og Fjordane.
Stillinga er lagt til Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen si hovudoppgåve er å støtte opp om forsking og innovasjon i føretaket.
Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på å:
- Formidle forskings- og innovasjonsprosjekt i Helse Førde på ulike digitale flater
- Arrangere tverrfaglege møteplassar
- Oppdatere og drifte nettsida Helseforsking Sogn og Fjordane
- Bidra til å lage eit magasin om forskings –og innovasjonsaktiviteten i Helse Førde
Som kommunikasjonsmedarbeidar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag. Vi ønskjer ein utadvent og initiativrik trainee som kan vere med å tenke nytt, bidra til å skape innovasjonskultur, og som har interesse for både kommunikasjon og nyskaping.
Kven er du:
Ein lagspelar med interesse for å formidle dei gode historiane. Du likar å lære nye ting, og evnar å tenke heilskapleg. Du er nysgjerrig og positiv med gode kommunikasjonsevner. Gjerne med erfaring frå foto, grafisk design eller kommunikasjon.
Ønska kvalifikasjonarer relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Gjerne utdanning innan innovasjon, kommunikasjon, tenestedesign, samfunnsvitskap, organisasjonsutvikling eller helse.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.
OMRÅDE: Sunnfjord
Kontakt:
Guro Mjanger
99258047
Guro.mjanger@helse-forde.no
Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
15.03.2021Position function
TraineeForm of employment
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Industry
Media, informasjon og PREducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligOther workplaces
SunnfjordNumber of positions
1Career-kode
3388713Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
- Updated 09.03.2021