Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Helgestillingar ved Ressurssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Ressurssenteret treng vi fleire dyktige kollegaer, og har ledige faste helgestillingar på 13%.

Vi opnar opp for større stillingsstorleik dersom ein ynskjer å  arbeide annakvar helg. 

Skriv i søknad om du kunne tenke deg å arbeide annakvar helg. Kvalifiserte søkjarar som ynskjer dette vil bli prioritert. 

Om arbeidsstad

Arbeidsstad vil vera i 3. etasje på Ressurssenteret for personar med demens/Vaksdal sjukeheim. Avdelinga er ei somatisk avdeling, med 17 langtidspasientar.
Du vert ein del av eit fantastisk arbeidsteam, som har brukarane i foksus. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon.  
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. 

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
  • Medisinhandsaming, ut frå kompetansenivå
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev 
  • Ufaglærte kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
  • Krav om godkjend politiattest

Me oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
  • Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.        

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-konsulent: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04